mandag, august 29, 2011

Å vere til der ein vil

Ein ting som eg har tenkt ein del på er kor lett det i dag er å leve eit liv som i stor grad er frikopla frå det nærområdet ein bur i. Denne tankerekkja fylgjer i stor grad den som Gerard Delanty talar om i boka si "Community". Frå å vere avhengig, på godt og vondt, av bygda, naboar, nærtbuande slekt, kollegaer - det vil seie menneske som som var fysisk nær ein - kan ein i dag velje bort så å seie alle som ikkje passar ein. Det er ingen grunn til å bli ven med naboen når ein har 444 vener på Facebook, syng i kor med folk busett over heile landet, har ein triveleg arbeidsplass mm. I dag skapar vi i stor grad dei sosiale omgjevnadane våre, mykje ved hjelp av overdriven bruk av transport (bil, fly) og sosiale medium.

Denne transcenderinga av fysiske avgrensingar gjeld ikkje berre det sosiale - det gjeld også kva vi kjøper og kva vi et. Dei fleste har ganske mykje ståande i huset som er produsert enormt langt vekke, og stort sett alle måltid har ein ingrediens i seg som er frakta hit frå eit anna kontinent.

Kva vitnar dette om? Utan å fordømme korkje reiser eller global handel, så trur eg dette gjer noko med oss i dag. Det openbare er at vi venner oss til ein livsstil der vi forventar å ha tilgang til kva det skal vere. Vi forventar å ha krydder og matvarer frå heile verda tilgjengeleg i nærbutikken. Sjølv om vi har høyrd om "Peak Oil", global oppvarming, forureining, og burde vere i stand til å sjå konsekvensane av ei massiv forbrenning av oljebasert drivstoff grunna transport av varer og menneske, så er ikkje dette nok til å riste oss ut av vanane våre. Vi akselererer mot full stopp.

Men noko anna som eg har følt meir på er kva som skjer med forholdet vårt til dei umiddelbare omgjevnadane våre. Kvar ligg eigentleg hjartet vårt? Kva kjenner vi på, kva bryr vi oss om? Er kjenslene våre påkopla når vi treff naboen eller opplever naturen rundt huset vårt, eller gjer vi nøye utvalde og strategiske vurderingar i forhold til kva tid vi er "på" eller "av"? Kva tid føler vi det er verdt å investere ekte kjensler i det vi møter på?

Det er vel denne strategiske utveljinga som eg er litt bekymra for. Kva gjer vi når vi blir så bortskjemde at vi ikkje føler at det finnest så mykje som eigentleg er verd å investere kjensler i? Når store delar av dagen handlar om å velje bort i staden for å velje? Kvar hamnar vi då? Kven blir vi då? Blir vi då menneske som er i stand til å la oss berøre av ubehagelege sanningar som globale miljøproblem, nord-sør-problematikk, framandfrykt, eller vert vi berre dyktigare og dyktigare til å velje bort ting vi ikkje likar, ting som ikkje passar, i arbeidet med å designe vår eigne private emosjonelle tilfluktstad, innreidd med eit nøye utplukk av virtuelle vener og opplevingar.

1 kommentarar:

gunnhild sa...

Særs interessante tankar, her inne. Ein har nok ulike behov til ulike faser i livet, men ein kan lure på kva det gjer med folk det å kunne vere så selektive. Eg meiner det gjer at folk har vanskelegare for å binde seg til noko over lang tid. Det er ok frå gang til gang, men veldig vanskelig å seie ja på fastare basis....