mandag, august 29, 2011

Å vere til der ein vil

Ein ting som eg har tenkt ein del på er kor lett det i dag er å leve eit liv som i stor grad er frikopla frå det nærområdet ein bur i. Denne tankerekkja fylgjer i stor grad den som Gerard Delanty talar om i boka si "Community". Frå å vere avhengig, på godt og vondt, av bygda, naboar, nærtbuande slekt, kollegaer - det vil seie menneske som som var fysisk nær ein - kan ein i dag velje bort så å seie alle som ikkje passar ein. Det er ingen grunn til å bli ven med naboen når ein har 444 vener på Facebook, syng i kor med folk busett over heile landet, har ein triveleg arbeidsplass mm. I dag skapar vi i stor grad dei sosiale omgjevnadane våre, mykje ved hjelp av overdriven bruk av transport (bil, fly) og sosiale medium.

Denne transcenderinga av fysiske avgrensingar gjeld ikkje berre det sosiale - det gjeld også kva vi kjøper og kva vi et. Dei fleste har ganske mykje ståande i huset som er produsert enormt langt vekke, og stort sett alle måltid har ein ingrediens i seg som er frakta hit frå eit anna kontinent.

Kva vitnar dette om? Utan å fordømme korkje reiser eller global handel, så trur eg dette gjer noko med oss i dag. Det openbare er at vi venner oss til ein livsstil der vi forventar å ha tilgang til kva det skal vere. Vi forventar å ha krydder og matvarer frå heile verda tilgjengeleg i nærbutikken. Sjølv om vi har høyrd om "Peak Oil", global oppvarming, forureining, og burde vere i stand til å sjå konsekvensane av ei massiv forbrenning av oljebasert drivstoff grunna transport av varer og menneske, så er ikkje dette nok til å riste oss ut av vanane våre. Vi akselererer mot full stopp.

Men noko anna som eg har følt meir på er kva som skjer med forholdet vårt til dei umiddelbare omgjevnadane våre. Kvar ligg eigentleg hjartet vårt? Kva kjenner vi på, kva bryr vi oss om? Er kjenslene våre påkopla når vi treff naboen eller opplever naturen rundt huset vårt, eller gjer vi nøye utvalde og strategiske vurderingar i forhold til kva tid vi er "på" eller "av"? Kva tid føler vi det er verdt å investere ekte kjensler i det vi møter på?

Det er vel denne strategiske utveljinga som eg er litt bekymra for. Kva gjer vi når vi blir så bortskjemde at vi ikkje føler at det finnest så mykje som eigentleg er verd å investere kjensler i? Når store delar av dagen handlar om å velje bort i staden for å velje? Kvar hamnar vi då? Kven blir vi då? Blir vi då menneske som er i stand til å la oss berøre av ubehagelege sanningar som globale miljøproblem, nord-sør-problematikk, framandfrykt, eller vert vi berre dyktigare og dyktigare til å velje bort ting vi ikkje likar, ting som ikkje passar, i arbeidet med å designe vår eigne private emosjonelle tilfluktstad, innreidd med eit nøye utplukk av virtuelle vener og opplevingar.

Om å tore litt meir

Det er mykje som endar opp svært sjølvsagt og klisjéaktig når det blir forsøkt formulert. Sjølv har eg ein rekkje tankar om både eine og hitt som eg føler ber i seg viktige sider av kven eg er og kva eg meiner, men som eg rett og slett ikkje tør setje ord på. Det er litt trist å sjå korleis dei nære og store kjenslene eins med eit trylleslag ser kvardagslege og velbrukte ut etter eit forsøk på få dei inn i språkleg form. Eg blir så var alle språket sine fallgruver, og tenkjer i overkant mykje på korleis ting kan bli misforstått. Språket er eit velbrukt medium, og det meste er sagt og skrive tidlegare.

Men, eg trur jo vi er meir enn språket. Og er det noko som ein bør har lært etter den siste månaden er det at det er viktig å våge. Det er fort gjort å late vere å seie frå om ting ein føler og reagerer på av di ein er redd for å verke platt, grunn og uoriginal.

Kanskje ein ikkje burde vere så redd. Eg ser jo at det er mange som ikkje er det, særleg den siste månaden. Eg trur denne frykta kanskje er noko av det som ein verkeleg burde frykte, for å parafrasere eit kjend sitat. I det ein blir redd for å ytre seg om ting ein føler så utfører ein samtidig ei lita tilbaketrekning frå omverda. Ein vert litt meir likegyldig. I alle fall så kjenner eg det slik.

Eg trur eg skal prøve å bli litt meir modigare på denne bloggen her. Ikkje vere så frykteleg redd for å ikkje vere flink eller original nok. Og eg kan byrje med å faktisk publisere denne teksten, som eg synest ser svært sjølvsagt og klisjéaktig ut.

lørdag, august 27, 2011

Nedetid...

Bloggen har hatt ei svært lang nedetid no, noko som mest sannsynleg kjem til å fortsetje. Men kven veit? Kanskje det plutseleg dukkar opp noko her?

mandag, april 14, 2008

Danny Boy

Eg saknar Muppet Show..

tirsdag, april 08, 2008

Diggiloo Diggiley

Eg blir jo faktisk i ganske godt humør av denne songen, eg. Fengjande tekst, rytme og dans - ein mellomting mellom danseband og bompibjørn - med ekstra krydder i form av kul bassist og gitarist som kjem omlag 1.06 ut i videoen.

onsdag, februar 13, 2008

Del 6/6

Han såg ut av vindauget på bilen. Det var teke til å dogge. Han såg ei plante dekt av snø og kjende ein sterk identifikasjon med denne planta. Dei var eitt. Planta kunne nok ikkje innsjå det han hadde gjort, men den kunne vere ein del av alt, ein del av han. Han var derimot gitt evna til å forstå og kjenne denne einskapen. Han kunne gå opp i den, overgi seg til den. Han kunne smelte saman med alt og alle og eksistere i ein tilstand av homogenitet og einskap, i staden for i det avskorne og fiendtlege. Kjensla av dette var så sterk at Pjekert tok til å glise. Alt verka så enkelt. All fiendeskap, alle problem, alle vanskelege avgjersler, alt hadde svar i denne innsikta. Han kunne gli inn i denne tilstanden og bli ein del av det evige, den evige samanhengen. Det var der og då Pjekert bestemde seg for å redde verda.

tirsdag, januar 29, 2008

Del 5/6

Pjekert skrudde av motoren att. Han sat i bilen. Her sat han og kjende på krav frå andre menneske og arbeidsplassar, samtidig som han kjende samanhengen frå no og tilbake til tidenes morgon. Det var ein samanheng både bakover og utover, til fortid og omgjevnader. Kva med framtida? Kunne han kjenne samanhengen til framtida også? Og korleis var dette mogleg? Korleis kunne han kjenne ei så sterk kjensle av samanheng? Det måtte vere noko i han som var i ein samanheng. Dette var det einaste moglege svaret. Han var av det same stoffet som fortid, framtid og omverd. Alt dette blei samla i den eine kjensle av her og no, i det eine punktet som han kunne føle, sjå, vere. Han eksisterte i dette punktet, og alt eksisterte i han. Han kjende ingen skilnad på han og verda. Dei var eitt.

fredag, januar 25, 2008

Del 4/6

Dette siste spørsmålet blei hengande i hovudet på Pjekert i det han skrudde på tenningsnøkkelen og starta motoren. Han skulle på arbeid. Arbeidsplassen venta på han, ja, ikkje berre på han men på ein rekkje arbeidstakarar rundt om kring i mils omkrets. Dei skulle alle på arbeid. Det var det dei skulle. Kvifor skulle dei det eigentleg? Og kvifor krevde arbeidet dette av dei? Hadde arbeidsplassen ein slags sjølvstendig vilje som var sterkare enn hans, sterkare enn alle arbeidstakarane? Og korleis kunne han kjenne dette kravet, kva i han kjende dette kravet, og korleis kunne arbeidsplassen hans overføre sin vilje, sine krav på han? Kva var samanhengen?